Rampemarkedet

Rampemarkedet starta fyrste koronasommar på ei rampe i Skeislia i Gausdal. Eg hadde tidlegare solgt saft, sirup, syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen skog og hage på små lokale marked, men under koronaen var alle marked stengt, og eg hadde fullt av varer… Løysinga vart eit kjøleskåp på rampa med døgnopent vippsmarked. Dette gjekk så bra at eg fortsette året etter… og etter 4 år tilsa omsetninga at eg måtte ta det frå hobby til bedrift. Produksjonen har for lengst vakse ut av min eigen hage, og som innflyttar set eg ekstra stor pris på å få koma i andre folk sine hagar for å plukke frukt og bær dei har til overs! Eg har Mattilsynet si velsigning til å bruke gjennbruksglas og -flasker, og bygdafolk og hyttefolk leverer hundrevis kvart år som får nytt liv på rampa med lokale godsaker. Nytt av året er samarbeidet med dei andre produsentane i "Smaker frå Gausdal", og dette har gjort meg enno meir bevisst på å bruke meir lokale råvarer og delta på fleire lokale marked. Når eg ikkje omtalar meg sjølv som "Rampekokka", er eg beste kjent som Ingebjørg Riste, 52 år frå Valdres, som gjennom dette arbeidet heidrar gode minner om mama og bestemor som kokte gode saker i min barndom.


